Vestlandsnytt

Får endene til å møtast

Då det dukka opp nokre ender ved målområdet i Bugarden i Ulstein, fekk Svein Eiksund ein idé. Det hadde vore løp der dagen før, og ved hjelp av nokre brødsmular frå Jon Pedersen fekk dei ført endene mot målet. Video: Svein Eiksund

Spel av

Dei vakraste augeblikka

Anita Bratteberg har fanga eit vakkert augeblikk på film. Videoen er sendt inn til SøreTV-konkurransen der ein kan vinne 1 kg smågodt. Video: Anita Bratteberg

Spel av

Konglejakta tok ei uventa vending

Gullborg Gjersdal og turfølgjet var på konglejakt då ein mink klatra høgt opp i eit tre. Det er ikkje eit vanleg syn, fortel Alv Ottar Folkestad. Video: Gullborg Gjersdal

Spel av

– Dette må eg rekke å ta video av

Inger Synnøve Aamaas frå Ørsta vart vitne til ei "kaule" utanfor Alti i Ørsta. – Eg tenkte "åh, dette må eg rekke å ta video av", seier ho til SøreTV. Ho veit ikkje kva som starta heile slåstkampen, men funderer på om sjalusi kan vere grunnen. Videoen er sendt inn til konkurransen, der ein kan vinne 1 kg smågodt. Video: Inger Synnøve Aamaas

Spel av

Marius ser etter nokon å dele bilturane med

I premieren av sesong 2 av «Full tenning» viser Garnes Rafteseth fram sin Volvo Amazon. Den har han eigd i snart 10 år. Marius held til på Garnes i Ulstein kommune. Det blir mange køyreturar lokalt med den gamle bilen, spesielt då den ikkje går så godt opp Eiksund-sambandet. Den køyrer generelt ikkje så fort. – Men det er «smil per mil», seier han.

Spel av

Lasse (5) oppdaga noko uventa

Lasse (5) og pappa Torbjørn oppdaga noko uventa i jakttårnet på Rekkedal då dei skulle ut på jakt. Videoen var sendt inn av mor, Marita Rekkedal. – Det vart ikkje noko hjort, men det vart ei god jaktoppleving, seier ho. Video: Torbjørn Rekkedal

Spel av

Her får Vedum ein prøvetur gjennom tunnelen han har kjempa for

Trygve Slagsvold Vedum har vore ein av dei politiske pådrivarane for Stad skipstunnel. Hos STQ fekk han og resten av delegasjonen ei simulert reise gjennom tunnelen, med Tor Voldsund ved spakane.

Spel av

Her gjekk startskotet for Kristian og Sigurd

Herøyværingane i våtdrakt på veg ut på den 3,8 kilometer lange symjestrekninga.

Spel av

Rosa Sløyfe-løpet 2026

Rosa Sløyfe-løpet 2026 i Fosnavåg.

Spel av

Dette er ikkje kvardagskost

Breiflabb er ikkje kvardagskost, skriv Hege Lystad som kom over skapningen på tur med hunden sin. Video: Hege Lystad

Spel av