Full tenning - To knallgrøne Mazda
Robert og Victoria i Fosnavåg har kvar sin Mazda - begge to knallgrøne. Dei to bilane er ofte å sjå køyrande saman, med RX-7-en som storebror og MX-5-en som veslebror. Det var Fast and Furious-filmane som fyrst inspirerte Robert til å kjøpe sin Mazda RX-7. Victoria kjøpte sin Mazda MX-5 tidlegare i år. Saman har dei vore på mange biltreff, der dei har fått mykje merksemd for bilane sine. - Borna brukar å kome og sjå på min bil med alle froskane, medan dei som er eldre gjerne vil sjå på Robert sin bil, fortel Victoria. Bli med på biltur med Robert og Victoria i videoen øvst i saka.
Bli abonnent